tirsdag 5. oktober 2010

Kveldskos

For nokre kveldar sida kom det ljos på i vindauge oppe til venstre hjå naboen. Me har aldri sett ljos der før. Me har heller aldri sett nokon folk der, så du kan tru me fryda oss då me så ein skikkelse i rørsle. Me slo av alle våre ljos og satt i mørket og fulgte med i spenning heilt til ljoset vart slått av att.

No veit me at det bur nokon der.

1 kommentar: