søndag 27. mars 2011

Dette er til deg Tingen

Halvmåner (eller Empanadas som dei eigentleg heiter)

Deig:

2,5 dl med flytende smør (enten smelta eller på flaske)
2,5 dl varm mjølk
1 l kveitemjøl
1 ts salt
1 ss bakepulver

Bland alt i hop og la deign kvile i 30 min.

Fyll:
Her kan du eigentleg ta kva du vil. Har du rester i kjøleskapet kan du ta det. Ellers finnes det mange ulike varianter frå mange ulike land i Latin Amerika. Det er berre å google. Men det me bruker å ha fast er;

500 g kjøttdeig (kan ha meir om du tykkjer det vert lite)
1 - 3 gule laukar
2,5 dl buljong
1 ss kveitemjøl
spisskummen
salt
pepper
oregano

Ikkje fast, men som av og til snike seg opp i når eg lagar dei;
Raspa gulrøtter
Fin hakka kål
Purrelauk
Fin hakka champignon
Ost

Del deigen i 12 delar og kjevl dei ut til sirkler på ca 15 cm diameter. Legg fyll på halve, ha osten på om du vil det, brett over og trykk saman. Pensles med ei blanding av egg og vatn. Steikes i 15-20 min, midt i omnen på 200 °C.

Buen provecho

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar